Norges første havbunnsbrønnerFørste brostøtte satt ned

«Den første norske olje»

person av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
Onsdag 4. august 1971 låg det greske tankskipet «Theogennitor» klar til lossing ved Norske Shell sitt raffineri i Risavika i Sola. 35 000-tonnaren hadde 31 400 tonn råolje om bord. Dette var den fyrste olja som kom frå Ekofiskfeltet. Noreg var blitt ein oljenasjon.
— Foto: Haugesund Dagblad/Haugalandmuseet, MHB-F_HD-00025
© Norsk Oljemuseum

Generaldirektør i Norsk Hydro, Johan B. Holte, kalla lossinga av den norske olja for «en begivenhet».[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis, 5. august 1971.Det var mange som hadde møtt fram for å få med seg denne spesielle hendinga. Oljeselskapa var godt representert med folk frå Norske Shell, Norsk Hydro, Phillips Petroleum Company og Elf Norge A.S. Der var òg pressefolk frå inn- og utland, så som Sverige, Danmark og Storbritannia. Arrangementet blei vist – i fargar – på BBC same kveld.[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 4. august 1971.

Direktør i Norske Shell, Egil Ellingsen, ynskte velkomen til arrangement. Vidare talte generaldirektør i Norsk Hydro, Johan B. Holte. I tillegg til representantane frå oljebransjen, spelte òg det frivillige Noreg ei sentral rolle under arrangement.

«Det dyreste [oljefatet] som noen gang er markedsført i Norge»

«Man skal være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»
Erik Sandberg i Telefonkontakt fekk æra av å tappe den fyrste flakongen frå fat nr. 1. Fatet var måla i fargane til det norske flaget. Det stod ei stund utstilt i Norsk Hydro sine lokale før det blei gitt til Teknisk Museum. Kvinna sin identitet er ukjent. Foto: Haugesund Dagblad/Haugalandmuseet, MHB-F_HD-00025

Norsk Hydro som eigde denne fyrste oljelasta, hadde nemleg gitt det aller fyrste oljefatet – fat nr. 1 – til to frivillige organisasjonar, Telefonkontakt og Det norske flyktningeråd. Oljefatet skulle tappast på 1000 flakongar. Den fyrste flakongen blei tappa av organisasjonsleiaren for Telefonkontakt, Erik Sandberg. Denne flakongen skulle kong Olav få. Dei resterande flakongane skulle seljast for 1000 kr stykk og inntektene skulle altså fordelast mellom Telefonkontakt, som sørgde for at eldre fekk telefon og følgjeleg kom seg ut av isolasjon, og Det norske flyktningeråd. Inntektene skulle gå til eldreomsorg «hjemme og ute».[REMOVE]Fotnote: Aftenposten, 4. august 1971, kveldsutgåva.

«Man skal være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»
I tillegg til halvparten av inntektene frå oljefatet gav Norsk Hydro ein sjekk på 50 000 kr til Det norske flyktningeråd. Til venstre på bilete ser vi generaldirektør Johan B. Holte i Norsk Hydro ved sida av Wilhelm S. Bøe, generalsekretær i Det norske flyktningeråd. Foto: Haugesund Dagblad/Haugalandmuseet, MHB-F_HD-00025

Generalsekretær i Det norske flyktningeråd, Wilhelm S. Bøe, hadde allereie fått ei bestilling på rundt 200 flakongar, og Norske Shell teikna seg for ti stykk på staden. Bøe mottok òg ein sjekk på 50 000 kr av Holte i Hydro. Den samla verdien av dette fyrste oljefatet ville bli éin million kroner. Avisene påpeika at dette var «tidenes dyreste olje» og «det dyreste [oljefatet] som noen gang er markedsført i Norge», som altså skulle gå til flyktningarbeid og eldreomsorg.[REMOVE]Fotnote: Nationen, 5. august 1971 og Rogalands Avis, 5. august 1971. Olja hadde òg kosta på andre måtar.

«Mange og store tekniske vanskeligheter»

«Regnet silte ned under høytideligheten, liksom for å understreke vanskelighetene som hele tiden har fulgt arbeidet med oljen,» skreiv Nationen om lossinga av den fyrste olja 4. august 1971.[REMOVE]Fotnote: Nationen, 5. august 197. Johan B. Holte understreket dette poenget i sin tale, før han sette pumpene for lossing i gang: «Efter mange og store tekniske vanskeligheter er den første oljen produsert, og den første tankbåt fylt.»[REMOVE]Fotnote: Aftenposten, 4. august 1971, kveldsutgåva.

«Man skal være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»
Kl. 10 den 4. april 1971 trykka Holte på knappane som sette i gang lossinga av den fyrste norske olja. Noreg var blitt ein oljenasjon. Foto: Haugesund Dagblad/Haugalandmuseet, MHB-F_HD-00025

Problema hadde starta tidleg. Allereie den 9. juni 1971 hadde statsministar Trygve Bratteli gjennomført den offisielle opninga av Ekofiskfeltet. Meininga var at Bratteli skulle sette i gang prøveproduksjonen denne dagen, men det kom ikkje noko olje då han trykka på knappen. Fyrst éi veke seinare kom produksjonen skikkeleg i gang.[REMOVE]Fotnote: Nationen, 5. august 1971. Ilandføringa av olja frå Ekofisk var planlagt seks gonger, før den endeleg kom til land den 4. august 1971.[REMOVE]Fotnote: Morgenbladet, 5. august 1971. Utfordringane var særleg knytt til vêr og vind. Som Stavanger Aftenblad skreiv «venter [man] nå med spenning på hvordan lastesystemet vil virke når høst- og vinterstormene setter inn.»[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 4. august 1971.

Det var Norske Shell sitt raffineri i Risavika som skulle raffinere den fyrste olja. Olja blei blanda med nigeriansk olje av dårlegare kvalitet og i løpet av ein fjorten dagars tid ville norske forbrukarar kunne kjøpe norsk bensin.[REMOVE]Fotnote: Nationen, 5. august 1971 og Morgenbladet, 5. august 1971. Norsk Hydro, som eigde ein del av oljefeltet hadde ordna ein foreløpig toårig kontrakt med Norske Shell. Planen var at olja etter kvart skulle raffinerast på Mongstad, men dette anlegget var ikkje venta å stå ferdig før i 1975.[REMOVE]Fotnote: Morgenbladet, 5. august 1971.

Det var derimot ikkje endeleg planlagt korleis olja skulle fraktast til land, men Holte sa i sin tale at transporten med tankbåtar var ei mellombels løysing. Sjølv meinte han at ein burde satse på røyrleidningar – både for gass og olje.[REMOVE]Fotnote: Nationen, 5. august 1971.

Norsk Hydro sin avtale med Norske Shell var unik i den forstand at den lét Hydro ta ut den olja dei hadde bruk for, medan overskotet skulle seljast av Shell. Om Hydro òg skulle få seg sine eigne bensinstasjonar, var ennå ikkje avgjort.[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis, 5. august 1971.

«Man skal være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»
Den fyrste flakongen frå oljefat nr. 1 blei gitt til kong Olav. Foto: Haugesund Dagblad/Haugalandmuseet, MHB-F_HD-00025

Ekofiskfeltet var i 1971 estimert til å innehalde 15 millionar tonn olje. Norsk Hydro ville i samsvar med sin eigardel på 7 prosent, kunne ta ut om lag éin million tonn i året. Trass i at Hydro var storkonsument av olje, ville dei få eit overskot som dei kunne selje.[REMOVE]Fotnote: Haugesunds Avis, 5. august 1971 og Morgenbladet, 5. august 1971. At feltet følgjeleg var viktig for Hydro, er sjølvsagt. Spørsmålet er kor viktig det ville vere for resten av Noreg.

«Man må være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»

«Det er ingen overdrivelse å si at oljebrønnene som nå er i produksjon, er noe av det mest oppsiktsvekkende i nyere norsk historie. Men enda kjenner vi lite til det omfanget og de virkninger denne begivenhet til sist vil få.»[REMOVE]Fotnote: Aftenposten, 4. august 1971, kveldsutgåva. Dette sa generaldirektør Holte under markeringa av den fyrste lossinga frå Ekofisk. Han var på den eine sida av den oppfatninga at det at Noreg no hadde begynt å produsere olje var «noe av det mest oppsiktsvekkende» som hadde skjedd «i nyere norsk historie». På den andre sida var han ikkje sikker på kva slags tyding dette ville få for Noreg. Ein kan seie at han meinte at olja ville bli viktig, men at han foreløpig ikkje kunne seie korleis den ville bli viktig og i kor stor grad det ville skje.

I dag veit vi at Ekofiskfeltet har hatt enorm tyding for Noreg som oljenasjon. Ein har stadig utvida grensene for kor store mengder som er moglege å hente opp frå feltet og staten – oss – har tent store summar på Ekofisk. Les meir her: Eventyrlige verdier for samfunnet

At optimismen hadde visse atterhald i 1971 er likevel forståeleg. Det var framleis tekniske utfordringar som måtte løysast, investeringane var store og spørsmålet om det ville svare seg eksisterte hjå fleire. Dette gjaldt særleg for dei som hadde lite kunnskap om oljeproduksjon, og lite kunnskap hadde dei fleste i Noreg på den tida. Noreg hadde blitt ein oljenasjon, men kva innebar det?

«Man skal være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’»
Norsk Oljemuseum kjøpte i 2019 éin av dei 1000 flakongane som blei selt i 1971. Foto: Shadé B. Martins, Norsk Oljemuseum

Stavanger Aftenblad skreiv ikkje berre ein artikkel om ilandføringa av den fyrste norske olja frå Ekofiskfeltet. Avisa skreiv òg ein leiar, ein redaksjonell kommentar, knytt til temaet. Forfattaren av teksten, kanskje redaktøren sjølv skreiv: «Om oljen vil komme til å bety det samme som vannkraften for vårt lands økonomiske utvikling, vet vi ikke. Det er kanskje mindre sannsynlig. Men et stort aktivum vil den bli, en nasjonal ressurs som vi må ta vare på og sørge for at landet som helhet vil nyte godt av.»[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 4. august 1971.

I leiaren kan ein vidare lese at sjølv om Noreg nå var blitt eit oljeproduserande land så hadde «også denne medaljen en bakside». «Det er foreløpig grunn til å vise nøkternhet,» står det i avisa, men ein kan samstundes lese at «det likevel [kunne] være nyttig å se den første oljen i et visst perspektiv og glede seg over de muligheter som ligger i den nye situasjonen som oljen i Nordsjøen har skapt». Ein skulle samstundes «være forsiktig med å hengi seg til drømmer om ‘oljeeventyr’».[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 4. august 1971.

Kjelder:

Aftenposten, 4. august 1971, kveldsutgåva
Haugesunds Avis, 5. august 1971.
Morgenbladet, 5. august 1971.
Nationen, 5. august 1971.
Rogalands Avis, 5. august 1971.
Stavanger Aftenblad, 4. august 1971.

Norges første havbunnsbrønnerFørste brostøtte satt ned
Publisert 3. mars 2020   •   Oppdatert 10. mars 2020
© Norsk Oljemuseum
close Lukk